Teateret har nynorsk som administrasjonsspråk og spelar på nynorsk og dialekt. Teateret har barn og unge som ei viktig målgruppe, samstundes som det søkjer å nå publikum i alle aldre med gode og meiningsfulle teateropplevingar. Hordaland Teater har ei sterk satsing på bruk av ny dramatikk.
I 2014 utarbeida Heidi den grafisk profil for teateret som var ein foredling av narren, som sidan starten har vore Hordaland Teater sitt varemerke. Narren er eit symbol på underhaldning som blir utført med ei eigenarta røyst og uttrykk som skiljer seg frå dei andre teatra i regionen.
I tilknytting til kvar forstilling blir det laga plakater og anna materiell. Uttrykket på plakatene varierer – og er basert på typografi og foto.
Fleire av arbeida som er vist her blei laga mens Heidi jobba hos Karlsens.